Prøverommet

11.04.2011
Komediebakken 9

KNIPSU er heimen til PrøveRommet denne måndagen! Me opnar stova for ein heilaftan inspirert av ordet “heim”. På kjøkenet skipar me til fanzineverkstad, lat deg inspirera og lag ditt eige hefte! Ferdigproduserte fanzinar vert og lagde ut for sal. Kim Holm syng ein teikneserie! Kristian Linz spelar til. Arild Rossebø set seg i godstolen og les tekstar for oss, Veronica og Veslemøy dansar på borda, Gunvor Rasmussen byggjer sitt eige rom og KöH tolkar “heim” gjennom musikk. Klara Sofie Ludvigsen viser sitt nyaste filmprosjekt på stoveveggen. Hågen Magnus Kristiansen vil bidra med kunst av noko slag. Åshild Kanstad Johnsen stiller ut, og skipar og til kunstverkstad der DU kan bidra og resultatet vert hengt opp på kjøleskåpet med magnet (eventuelt på veggen). Onkel Håvar Eggereide bidreg med fotopolymer. Teateretaten vil og vera med på kaffislabberaset. Tante Millan steikjer vaflar! DJ Ida i Flaggstanga og hennar makker Rambo Jånni styrer platespelaren og får fram den heimekoselege stemninga. Home is where the heart is!